Ja. Du finn eit eige skjema for anonyme spørsmål i menyen. Du treng ikkje oppgje namn eller forklara kvifor du spør. Det er heilt greitt å vera nyfiken i fred.
Nei. BDSM, polyamori og naturisme er hovudemna mine, men eg tek òg opp identitet, relasjonar, ærlegdom, grensesetjing, humor og andre sider ved livet.
Skaldsorrow hentar inspirasjon frå dei norrøne skaldane, som formidla forteljingar om ære, mot og menneskelege røynsler.
Sorrow er engelsk for sorg og uttrykkjer både dei mørkare sidene ved livet og mi eiga glede ved smerte – ikkje som øydelegging, men som intensitet og nærleik innanfor trygge råmer.
Logoen med ramnen, tornane og bloddråpane symboliserer styrke, sårbarheit og intensitet. Han speglar både den norrøne inspirasjonen og temaa eg formidlar.
Åsatru er trui mi og ein del av verdigrunnlaget mitt. Ho byggjer på førkristen nordisk tru og tradisjon, men vert praktisert på ulike måtar i vår tid.
Eg praktiserer trui gjennom blot – seremoniar med symbolske offer og ettertanke. For meg handlar det om tilknyting til naturen, historia og dei verdiane eg ynskjer å leva etter.
Eg fylgjer ikkje dei kristne høgtidene som jul og påske. Mine høgtider fylgjer i hovudsak solåret.
Polyamori inneber at eg kan ha kjærlege eller intime relasjonar med fleire menneske samstundes, med openheit, samtykke og respekt.
Det handlar ikkje om utruskap, og heller ikkje berre om sex. For meg er det ein ærleg måte å leva med kjærleik og nærleik på.
Nei. Polyamori tyder ikkje at alle relasjonar må vera like sterke, eller at alle må vera saman med kvarandre.
Tenk på venskap. Du kan ha ein besteven, ein barndomsven og ein god kollega. Alle kan vera viktige for deg, men på ulike måtar.
Slik kan det òg vera med kjærleik. Det avgjerande er at dei involverte kjenner til og samtykkjer til relasjonsforma.
For meg handlar BDSM fyrst og fremst om tillit, intensitet, nærleik og grenser.
Det kan vera fysisk, kjenslemessig, mentalt eller alt på éin gong. Det viktigaste er at dei involverte veit kva dei går med på, og at samtykket er frivillig.
Nei. For somme er BDSM seksuelt, for andre ikkje. For meg treng det ikkje vera seksuelt i det heile.
Det kan handla om makt, ritual, nærleik, kontroll eller sterke opplevingar. Noko kan vera svært intimt utan å vera seksuelt.
Det er dei involverte sjølve som avgjer kva BDSM tyder for dei.
Du er alltid velkomen til å ta kontakt, anten med namn eller gjennom skjemaet for anonyme spørsmål.
Eg veit at mange sit med spørsmål om BDSM, polyamori, naturisme og identitet som dei ikkje vågar å stilla til folk rundt seg.
På mindre stader kan frykta for sladder, fordommar og sosiale fylgjer gjera det endå vanskelegare å vera open.
Fleire har teke kontakt med meg om ting dei aldri tidlegare har fortalt nokon. Det tek eg på alvor.
Du treng ikkje forsvara nyfikna di, og du treng ikkje vera samd med meg.