Eg heiter Steffen Nygård og står bak Skaldsorrow.
Gjennom kunnskap, humor og personlege røynsler vil eg gjera det framande mindre framandt. Hovudemna mine er BDSM, polyamori og naturisme.
Skald, fordi eg formidlar. Eg ber historier og røynsler vidare, slik dei norrøne skaldane gjorde.
Sorrow, fordi styrken min òg kjem frå det som har gjort vondt. Eg skuv ikkje mørkret bort, men lèt det få plass i ljoset.
Det vekkjer nyfikne, støtte og motstand.
For meg handlar det ikkje um å overtyda nokon. Det handlar um å leva heilhjarta og vera ærleg, både med meg sjølv og andre.
Eg har funne djupn og meining i tre emne mange framleis tykkjer er vanskelege å tala om:
BDSM
Polyamori
Naturisme
Eg er òg åsatruande, og trui er ein del av kven eg er.
Eg snakkar om relasjonar, grenser, identitet og tillit, og blandar gjerne inn litt frå kvardagen og ein god dose humor.
Målet er ikkje at andre skal leva som eg, men at vi skal forstå kvarandre betre.
Er du nyfiken, er du velkomen til å fylgja med.
Resten tek vi undervegs. I tekstane. I videoane. I samtalane.