Skaldsorrow – eit initiativ under Draumverk
Sist oppdatert: 30. oktober 2026
Skaldsorrow tek personvern på alvor. Denne erklæringa forklårar kva personopplysningar som kan verta samla inn, korleis dei vert nytta, og kva rettar du har etter personvernregelverket (GDPR).
Skaldsorrow vert drive gjennom Draumverk.
Ansvarleg for personopplysningane: Draumverk, ved Steffen Nygård.
Organisasjonsnummer: 935 300 606
E-post: kontakt@draumverk.no
Telefon: +47 966 46 288
Anonyme spørsmål: Du kan senda spørsmål gjennom Google Forms utan å oppgje namn eller e-postadresse. Dersom du sjølv skriv inn kontaktopplysningar eller andre kjenneteikn, er ikkje innsendinga lenger anonym.
Direkte kontakt: Dersom du kontaktar meg gjennom e-post, telefon eller sosiale medium, kan meldingar og kontaktopplysningar verta lagra for å kunna svara deg.
Økonomisk støtte: Ved innbetaling gjennom Stripe, Ko-fi eller PayPal kan eg få tilgang til opplysningar om innbetalinga og avsendaren. Kva opplysningar som vert delte, kjem an på betalingsløysinga.
Nettsida: Skaldsorrow nyttar Google Sites. Google kan handsama tekniske opplysningar og nytta informasjonskapslar. Desse vert nærare regulerte gjennom Google sine personvernreglar.
Opplysningar vert nytta til å:
Svara på spørsmål og førespurnader.
Fylgja opp kontakt og samarbeid.
Handsama økonomisk støtte og oppfylla lovpålagde plikter.
Utvikla innhald på grunnlag av spørsmål som er sende inn med samtykke til offentleg bruk.
Det rettslege grunnlaget er, alt etter føremålet, samtykke, avtale, rettsleg plikt eller rettkomen interesse etter GDPR artikkel 6.
Den rettkomne interessa er å kunna svara på førespurnader og driva vanleg kommunikasjon kring prosjektet.
Skaldsorrow tek opp emne som kan vera personlege og kjenslevare.
Du treng ikkje oppgje kven du er når du sender inn spørsmål. Eg oppmodar deg om å unngå namn og andre opplysningar som kan identifisera deg eller andre.
Spørsmål vert ikkje nytta i offentleg innhald dersom du har svara nei til dette.
Opplysningar om mellom anna helse, religion, seksuelle forhold og seksuell orientering har særskilt vern. Handsaming av slike personopplysningar krev både rettsleg grunnlag og eit særskilt unntak etter GDPR artikkel 9, til dømes uttrykkjeleg samtykke.
Eg handsamar førespurnader med diskresjon, men kan ikkje lova fullstendig anonymitet eller absolutt teieplikt. Tekniske tenesteleverandørar kan handsama opplysningar, og lovpålagde krav om utlevering kan koma føre.
Personopplysningar vert ikkje lagra lenger enn det som er naudsynt.
Meldingar og skjemasvar vert sletta når dei ikkje lenger trengst for føremålet. Opplysningar kan takast vare på lenger dersom det er naudsynt for å oppfylla rettslege plikter eller handtera konkrete saker.
Opplysningar knytte til økonomiske transaksjonar vert lagra så lenge bokføringsreglane krev det.
Spørsmål som er anonymiserte, kan takast vare på som grunnlag for framtidig innhald dersom innsendaren har samtykt til slik bruk.
Skaldsorrow nyttar Google Sites, Google Forms og eksterne tenester for kommunikasjon og økonomisk støtte.
Desse leverandørane kan handsama personopplysningar etter eigne personvernreglar og avtalar. Opplysningar kan òg verta overførte utanfor EØS når det finst gyldig rettsleg grunnlag og naudsynte tryggingstiltak.
Informasjonskapslar og liknande teknologi som ikkje er strengt naudsynte, krev som hovudregel samtykke.
Eg sel ikkje personopplysningane dine til andre.
Etter personvernregelverket kan du, når vilkåra er oppfylte:
Krevja innsyn i opplysningar eg har om deg.
Krevja retting eller sletting.
Krevja avgrensing av handsaminga.
Protestera mot handsaming.
Trekkja attende samtykke.
Krevja dataportabilitet der dette er aktuelt.
Klaga til Datatilsynet.
Kontakt meg på kontakt@draumverk.no dersom du vil nytta rettane dine.
Dersom du har sendt inn eit spørsmål heilt anonymt, kan det vera uråd å finna att innsendinga di.
Personvernerklæringa kan verta oppdatert når drifta, tenestene eller regelverket endrar seg.
Datoen for siste oppdatering står øvst på sida.
Skaldsorrow er eit sjølvstendig innhaldsprosjekt drive gjennom Draumverk (org.nr. 935 300 606).
Føremålet er å gjera det framande mindre framandt gjennom kunnskap, humor og personlege røynsler.
Innhaldet handlar mellom anna om BDSM, polyamori, naturisme, relasjonar og identitet.
Innhaldet er personleg og representerer ikkje dei offisielle synspunkta til organisasjonar eg har verv i eller er medlem av.
Du kan støtta Skaldsorrow gjennom Stripe, Ko-fi eller PayPal.
Alle bidrag er frivillige og går til drift og utvikling av prosjektet.
Reine pengegåver gjev ikkje krav på særskilde produkt eller tenester.
Ved faste månadlege bidrag gjeld opplysningane om pris, betalingsintervall og oppseiing som vert gjevne av den aktuelle betalingsløysinga.
Betalingane vert handsama gjennom eksterne betalingsformidlarar etter vilkåra deira.
Reine frivillige gåver utan motyting er normalt ikkje omfatta av angreretten for forbrukarkjøp.
Dersom du har betalt feil, betalt dobbelt eller ynskjer pengane attende, kan du kontakta meg.
Førespurnader om tilbakebetaling vert vurderte individuelt. Dette avgrensar ikkje eventuelle lovfesta rettar.
Dersom Skaldsorrow seinare byrjar å selja produkt eller tenester, vil eigne kjøpsvilkår gjelda.
Tekstar, bilete, videoar og anna innhald på Skaldsorrow er verna av opphavsrett.
Du kan gjerne dela lenkjer til innhaldet og nytta dei vanlege delingsfunksjonane på sosiale medium.
Anna bruk må fylgja opphavsrettsreglane. Kommersiell gjenbruk krev løyve frå rettshavaren dersom ikkje lova gjev høve til bruken.
Skaldsorrow formidlar personlege røynsler, kunnskap og refleksjonar.
Innhaldet er ikkje meint som profesjonell helsefagleg, juridisk eller psykologisk rådgjeving.
Eg ynskjer open og respektfull samtale, også når vi er usamde.
Trugsmål, trakassering og anna ulovleg åtferd vil føra til utestenging frå mine kanalar og melding til politiet.
Betalte samarbeid og reklame vert merkte.
Dersom du har spørsmål om betaling, tilbakebetaling, innhald eller bruksvilkår, kan du kontakta meg:
E-post: kontakt@draumverk.no
Telefon: +47 966 46 288
Vilkåra kan verta oppdaterte når prosjektet utviklar seg. Datoen for siste oppdatering står øvst på sida.